Norsk filminstitutts sine tilskottsordningar
Gjelder frem til 31.12.2009:
Norsk filminstitutt forvaltar sju ulike tilskottsordningar for tilskott til filmformål, i tillegg til direkte produsent-tilskott. For informasjon om kvar av tilskottssordningane, klikk på menyvala ovanfor.
Tilskottssordningane omfattas av
Forskrift om tilskott til audiovisuelle produksjonar
. Revidert forskrift blei vedteke av Kultur- og kyrkjedepartementet 28. januar 2005 med hjemmel i Stortinget sitt årlege budsjettvedtak, og erstattar forskrift av 20. november 2003. (Denne forskrifta erstatta forskrift for tilskudd til filmformål av 8. februar 2003 nr. 174.)
Norsk filminstitutt tildelar også direkte produsent-tilskott til produksjonsselskap.
Se egen
Forskrift om tilskott til produksjonsselskap
.
Samla statleg tilskott for ein enkelt filmproduksjon (inkludert billettstøtte) skal ikkje overstiga 30 mill. 2002-kroner.
Resultatmål
Tilskottsordningane har som formål å sikre eit godt og mangfaldig norsk audiovisuelt tilbod og Kultur- og kyrkjedepartementet har lagt følgjande resultatmål til grunn:
* Sikre norske audiovisuelle produksjonar av høg kvalitet
* Sikre brei publikumsoppslutning om norske audiovisuelle produkt
* Sikre barn og unge tilgong til produksjonar basert på norsk språk og innhald
* Vareta idé-, talent- og kompetanseutvikling
* Sikre eit profesjonelt og sterkt produksjonsmiljø og kostnadseffektive produksjonar