Interaktive produksjonar  
   
  Forskrift gyldig til 31.12.2009:
Norsk filminstitutt kan gi utviklingstilskott til dataspel og andre interaktive, ikkje-lineære produksjonar på norsk eller samisk.
 
   
  Kven kan søkje?
Uavhengige norske produsentar kan søkje om tilskott frå Norsk filminstitutt. Eit norsk uavhengig audiovisuelt produksjonsselskap er i forskriftene til Norsk filminstitutt definert som eit produksjonsselskap som

1) har audiovisuell produksjon som hovudføremål
2) er registrert i Føretaksregisteret eller Einingsregisteret som produksjonsselskap
3) ikkje er knytt til eit kringkastingsselskap

Uavhengige produksjonsselskap som fyller vilkåra i ledd nr. 1 og 3, og som har sete i andre land som er part i EØS-avtalen, er sidestilte med norske produksjonsselskap.

Kva kan du søkje om?
Du kan søkje om utviklingstilskott til interaktive produksjonar. Produsenten må eige minst 50% av rettighetane til prosjektet. Norsk filminstitutt definerer interaktive produksjonar som dataspel eller andre ikkje-lineære produksjonar.

Norsk filminstitutt kan ikkje gi tilskott til interaktive opplæringsprosjekt, pedagogiske verktøy, oppslagsverk eller manualar. Det blir heller ikkje gitt tilskott produksjonar som primært skal marknadsføre kommersielle produkt eller versjoneringar av eksisterande prosjekt.

Vi reknar eit utviklingsprosjekt som eit sjølvstendig prosjekt som skal budsjetterast og utgreiast uavhengig av produksjon.


Korleis kan du søkje?
I menyen til venstre finn du lenkjer til forskrifta for tilskottsordninga, krav til søknaden, søknadsfristar og kontaktpersonar. Det er tre søknadsfristar i 2009 for å søkje om tilskott til interaktive produksjonar (sjå under søknadsfristar). Vi rår deg til å lese forskriftene og krava til søknaden før du skriv søknaden. Har du spørsmål om søknaden eller søknadsprosessen, kan du vende deg til produksjonsrådgjevaren for interaktive produksjonar, Kaja Hench Dyrlie. Når søknaden med vedlegg er klar, sender du han via nettsidene til filminstituttet – sjå menyen til høgre.

Kva skjer etter at søknaden er send?
Når søknaden er send via nettsidene, får du ei automatisk melding om at søknaden er levert til Norsk filminstitutt. Når søknadsfristen er ute, vil du få ein e-post frå filminstituttet som stadfestar at søknaden er under behandling.

Tildelingar skjer på bakgrunn av tilrådingar frå filminstituttet sitt ekspertpanel for interaktive produksjonar. Prosjekta blir vurderte ut frå kunstnarlege, produksjonsmessige, økonomiske, tekniske og marknadsmessige kriterium. Storleiken på tilskottet blir fastsett etter ei samla vurdering av desse kriteria.

Filminstituttet vil under behandlingstida invitere prosjekt som kan vere aktuelle for tilskott, til å presentere prosjektet munnleg for ekspertpanelet og filminstituttet. Etter dei munnlege presentasjonane vil filminstituttet avgjere kva prosjekt som skal innstillast for tilskott.

Du vil normalt få svar innan fire veker etter at filminstituttet har fått ein komplett søknad.

Utbetaling av tilskott
Det vedtekne prosjektutviklingstilskottet blir utbetalt i to eller fleire ratar.

Tilskottet kan berre utbetalast til det produksjonsselskapet som har fått tilsegn om støtte til prosjektet. Meir informasjon om føresetnadene for å få utbetalt dei ulike ratane finst i kapittel 11 i forskriftene, om reglar for utbetaling og kontroll av tilskott til interaktive produksjonar.

Manglande eller forseinka levering av dokumentasjon
Kvar rate blir utbetalt etter skriftleg oppmoding frå produsenten og når all nødvendig dokumentasjon er motteken og godkjend av filmfondet. Krav til kvar rateutbetaling er spesifiserte i vedlegg til tilskottskontrakten. Manglande eller forseinka levering av dokumentasjon og/eller sluttrekneskap utan skriftleg godkjenning frå filminstituttet vil normalt føre til reaksjonar i form av tilbaketrekking eller reduksjon av heile eller delar av tilskottet.

Sanksjonar
Brott på reglane i forskrifta kan få følgjer for tildeling av framtidige tilskott til det aktuelle produksjonsselskapet og/eller ansvarleg produsent. Meir informasjon om kva sanksjonar som kan kome på tale, finst i kapittel 12 i forskriftene, om Sanksjonar.