Kalkyleskjema  
   
  I margen til høgre kan du laste ned kalkyle- og sluttkostestimatskjemaet til Norsk filminstitutt, oppdatert 01.04.08.  
   
  Dette er versjon 5.0 av kalkyleskjemaet for audiovisuelle produksjonar slik det er fastlagt for bruk av Norsk filminstitutt. Skjemaet er justert i
forhold til opprettelsen av Norsk filminstitutt 01.04.08 og endringer i overenskomster i bransjen.

Jamført med tidlegare skjema er det lagt inn funksjonar for kostnadsoppfølging og statusrapportering.

Det vil kunne kome mindre oppdateringar/feilrettingar, så sjekk nettsidene til filminstituttet for eventuelle nye versjonar.

Elles viser vi til informasjonen under arkfanen ”LES DETTE” i kalkyleskjemaa.

VIKTIG: For å få den funksjonaliteten som er bygd inn i skjemaet, er det brukt makroprogrammering. Når du opnar reknearket, får du ei åtvaring om at reknearket inneheld makroar, og du kan velje om du vil bruke makroane. Kalkyleskjemaet som du lastar ned frå filminstituttet, er sikkert, svar derfor JA på spørsmålet dersom du vil aktivere makroar.

Eit lite tips: Når du bruker kalkyleskjemaet første gongen, bør du lagre ein kopi ved hjelp av ”Lagre som” (”Save as”) i filmenyen. Gi kalkylen eit namn som er samansett av prosjektnamnet + dato, til dømes ”UNO 15042004”. Når du lagar nye versjonar, lagrar du på same måten, men endrar datoen.

Dersom du som brukar skulle oppdage feil i denne nye versjonen, set Norsk filminstitutt pris på at du melder frå om det.
Send ein e-post til: Prosjektkoordinator Arve Figenschow.